Nyheter


Publisert:  07.02.05

BREDBÅND TIL BESVÆR

Ja i slutten av oktober 2004 skulle det omsider være råd å kople seg opp med ADSL via Garthus sentral i Begnadalen. Og lukka ville at avstanden dit var under 1 km og dermed kvalifiserte for at det kunne fungere. Eg bestilte med ein gong og fekk beskjed om at det skulle ta tre veker. Det var til å leve med.

Så skjedde det ikkje så mykje, men i slutten av november ringte ein betutta kar frå Eidsiva og fortalde at diverre kunne vi ikkje få dette likevel. Årsaka var at vårt telefonnummer delte linje med fleire andre. ”Kan ikke omkobles” var meldinga frå Telenor – underforstått kan nok, men vil ikkje. Ja kven delte vi linje med då? Det kan ikkje Telenor opplyse – det er hemmeleg. Som eit gufs frå den kalde krigen med telefonavlytting. Du får kontakte Telenor, kanskje du kan overtale dei til omkopling sa mannen frå Eidsiva.

Tja, overtale Telenor slo eg fort frå meg. Slike folk er regelbundne og ikkje løysingsorienterte. Men min gode nabo Anders forstod problemet best. Vi hadde to telefonnummer her på garden og han foreslo at vi kunne prøve det andre. All den stund det syntest både rimelegare og enklare å overtale svigerforeldra enn Baksås så prøvde eg det. Og meldinga frå Eidsiva var klar på det andre nummeret var det ingen restriksjonar så der kunne eg få ADSL. Men sidan det var eit anna nummer måtte eg bestille på nytt. Og no tok det 4 veker –større etterspørsel i marknaden kalles det.

Eg hadde tenkt å lage kabelnettverk og hadde lagt kabel mellom husa. Trådlaust nettverk vart droppa tidleg fordi eg trudde det var for lang avstand til heimekontoret som er i eigen bygning. Dit hadde eg forlengst også lagt kabel. Den ekstra ventetida vart brukt til å dra kabel opp i stova i andre etasje slik at eg kunne ha ei maskin der også. Vidare måtte vi ha eit ekstra telefonuttak for splittaren og returledning til telefonlinja. Og så måtte vi ha ruter med minst fire uttak, eit til kvar maskin i nettverket. Så vi feira vår siste analoge jul. Julepakken frå Eidsiva var splitter og modem og kom vesle julaften med melding om at det kunne takast i bruk så snart dei nødvendige koplingane var utførte i sentralen.

Endeleg 4 januar ringte dei frå Bravida, no var det i orden. Anders kopla til men ingenting skjedde. Her var det ikkje signal. Så var det ein ny runde med Eidsiva – modemet skulle virke, er du sikker på at kabelen er i orden? Til slutt var det ikkje anna å gjere enn å kontakte Bravida. Joda det var vist på sentralen feilen låg. Dei retta feilen og beklaga og DSL lampa på modemet blinka endeleg.

Eg har arbeidt på PC sidan 1979 og har lært at det er viktig å skilje mellom det eg kan gjere sjølv og det som må overlatast til andre. Og at det er viktig å finne einkvan som kan det eg ikkje kan. TCP/IP adresser er t.d. ikkje min spesialitet. Men Anders Garthus tok på seg den vanskelege oppgåva med å sette opp alle 4 maskinene.

Vi begynte forsiktig og kopla første maskina til ruteren. Ei relativt moderne maskin frå Dell med Windows XP og flatskjerm, kjøpt i Texas og berre vel eit år gamal. Nei ruteren virka ikkje. Hadde då gjort alt rett. Nytt forsøk med å kople maskina rett på modemet. Det gjekk betre. Men via ruteren gjekk det ikkje. Det fekk greie seg nokre dagar. Ungdommane fryda seg og lasta ned ny versjon av MSM messenger. Men heile maskina gjekk fort i stå –var det fordi vi mangla brannmur og kjørte rett over modemet? Etter noko frustrasjonar fann eg ut at eg fekk prøve å gå via ruteren likevel og til mi store overrasking fungerte det plutseleg. Men det var framleis tregt og eg forstod at det var nødvendig med virussjekk og å fjerne ulike uhumskheiter som poppa opp i heimen.

Neste maskin var verre. Dette var ei gamal NT maskin som eg hadde kjøpt frå Procontec for 10 år sidan. Hadde tenkt å skrape den, men tenkte den kunne gå som sekundærmaskin. Problemet var å sette den opp. Nettverkskort var innkjøpt. Vi træla mye før vi gav opp og sette opp ei bærbar maskin i staden. Den nytta Windows 2000 og hadde vore brukt i diverse nettverk både innanlands og utanlands tidlegare. Det gjekk heldigvis greitt, og den kunne nyttast til å teste uttaka i ruter og veggkontaktane. Og slette tid her var ikkje signal i veggkontakten. Nei da så. Ny kabel som ikkje var lenger enn at eg kunne slå fast at det ikkje var slått spikar igjennom heller. Heldigvis er det 8 trådar i ein slik kabel og ein treng berre 4. Så med litt omkopling vart den feilen retta.

Men sjølv om det ikkje hadde vore nettverkskort i NT-maskina så fanst det eit virtuelt nettverkskort installert fordi eg hadde nytta maskina oppkopla mot server i Oslo. Og det måtte fjernast. Djevelen sit i detaljane, ingen tvil om det. Om noen lesarar lurer på kva eit virtuelt nettverkskort er for noko så kan Anders forklare det. Men det var berre å fjerne dette, deretter fungerte maskina bra den.

Så var det maskina til svigermor da med Windows 98. Her var det eit reelt nettverkskort som ikkje hadde vore brukt tidlegare. Programvare måtte lastast ned frå Internett. Etterfylling av filer frå CD med windows 98 var og nødvendig. Etter noko træling vart det ferdig til bursdagen hennar 27 januar. Nettverket var komplett, manglar berre å sette opp laserskrivaren slik at den kan nyttast frå alle maskinene.

Vi har ikkje merka store problem med stabiliteten til ADSL. Kapasiteten er upåklageleg, betaler for 1 Mb og får rundt 1,3 Mb. Problema med installering var truleg ikkje større enn ein må forvente når ein skal ha opp 4 maskiner med 4 ulike operativsystem i eit nettverk. Mine erfaringar bør derfor ikkje skremme nokon. Det trengst litt tolmod og litt flinke folk omkring seg. Og så må ein være førebudd på at ein gjer feil og at andre gjer det.

Neste prosjekt blir IP telefoni.

Leif Jarle Asheim
 


NettsideansvarOle Bjarne Strømmen