B



Publisert:  13.12.14   

Romjulsfest for unge sør aurdøler


Med hjelp av støtte frå Sør-Aurdal kommune, har me den glede av å arrangere ein heidundrande fest for deg som er ung i Sør-Aurdal. Me set maks grense på rundt 30 år fram til 15. desember, og opnar opp for øvrig ungdom etter dette.

Arrangementet er tenkt som ein årleg treffstad for unge i kommuna, med tilknytning til kommuna, som vil flytte til kommuna og som vil lære meir om kommuna.

I år er dette arrangert av bolystprosjektet til Bagn IL og Espen Blåfjelldal arbeidar fram arrangementet etter instruks frå festkomiteen som er satt saman av ungdom frå heile kommuna. Neste år ynskje ein å legge arrangementet til ei anna grend, og flytte dette litt rundt for å få mest mogleg utbytte.

Arrangementet har inspirasjon frå Romjulstreffen i Vang, der det i fjor var 184 stk som deltok. I Sør-Aurdal har me i år 70 plassar, så det er førstemann til mølla.

Me startar med vorspiel med veldig hyggelege prisar fram til kl 21, fortsett med tapas, quiz og festen ender ut i dei seine nattetimar. Arrangementet koster kroner 100 per person, og inkluderer velkomstdrink, tapas, underholdning/musikk og deltagelse på julens gladeste happening.

Prisen er den samme for heile kommuna, og det det er inkludert buss i billetten når du kjem frå Hedalen, Begnadalen og Hølera. Du kan melde deg på ved å klikke her: https://www.deltager.no/romjulsfestbagn

Arrangementet er 26.12 / 2.dag jul på Bang, Valdres Mathus

kl 19.00 oppstart
kl 20.00 Tapas
kl 22. Quiz
kl 01.00 avslutning
kl 01.30 heimreise

Frå romjulstreffen i Vang i 2013

 




Nettsideansvar:  Reidar Schlytter