B

E 16


Publisert:  08.12.14   



Tunnelen opna - men høgt spel om E16 før jul i 2011

Klipp fra avisa-valdres 08.12.14

– Vi dreiv med høgt spel rundt E16 før jul i 2011.


Ordførar Kåre Helland kuttar snora og erklærer Bergsundtunnelen for opna. Elles f.v. prosjektleiar i Statens vegvesen, Anne Brit Moen, fylkestingsrepresentant Reidunn Gravdal,Jan Dokken i Brødrene Dokken, ordførar Kåre Helland og Ander Høiback i Isachsen Anlegg AS.
Foto: Bjørn Karsrud



Det avslørte Kåre Helland under tunnelopninga måndag. Helland fortel at han var ni turar i Oslo før jul for tre år sidan for å få på plass passeringstaket, som kjem lokalbefolkninga i SørAurdal til gode. Ordninga sat utru­leg langt inne. Det vart ein sterk dragkamp mot Vegdirektoratet, og det var fare for at heile vegprosjektet kunne bli sterkt forseinka. Enkelte frykta at det ikkje kunne bli realisert i det heile.

Men ordninga kom på plass, og SørAurdalmodellen har no vorte modell for fleire bomanlegg.

Ros til Meltveit Kleppa

Kåre Helland var under opninga raus med rosen. Rosen gjekk fyrst og fremst til tidlegare samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, statssekretær Lars Erik Bartnes, Anne Tingelstad Wøien, stamvegleiar Knut Haalien og stamvegsekretær Arne Bang. Fylkestingsrepresentant Reidun Gravdahl sa at dette også var ein stor dag nasjonalt ettersom vegen Fønhus-Bagn er ein viktig del av stamvegen Oslo-Bergen.

Nøkterne entreprenørar

Jan Dokken helsa på vegner av Brødrene Dokken AS. Han sa at dei hadde vorte ein smule betenkte i Arbeidsfellesskapet Dokken/Engene då dei hadde levert eit anbod som låg over 18 millionar under det nest lågaste. Men ik­kje nok med det, det ser ut til at entreprenøren har levert eit arbeid som ligg under det budsjetterte.

– Så vi har slett ikkje tent oss søkkrike, sa Dokken, som opplyste at dei to store utfordringane på anlegget hadde vore Fønhusskjeringa og Hølerabrua.

Anders Høiback frå Isachsen Anlegg, som har vore ansvarleg for øvreetappen med Bergsundtunnelen, opplyste at ytre delen av tunnelen på begge sider hadde vore utfordrande på grunn av rasproblematikk. Begge entrepre­nørane gav ros til kommune, næringsliv, underentreprenørar og lokalbefolkning for at dei hadde vore gode støttespelarar. Elles var det helsingar frå seksjonssjef Trygve Elvsaas frå Vegvesenet, Svein Erik Aure frå Lastebileierforbundet og Mikael Fønhus i Valdres Næringsforum.

Sikra matjord

Og byggeleiar Lage Bakken i Statens vegvesen avslutta med fortelja at utbyggarane faktisk har vore skånsame mot matjorda.

– Vi har teke 26 dekar dyrka­jord, men samtidig har vi forbetra 47 dekar jord og nydyrka 9–10 mål, sa Bakken. Han kunne elles forelja at dei under anleggsperioden blant anna har sprengt laus og frakta 30.000 lastebilass med stein og 20.000 lass med jord.

No er det berre ein veg framover, og den går oppover mot Bjørgo.

Utbetringsstrekningane

I juni 1992 bestemte Stortinget at E16 skulle vera stamveg Oslo-Bergen. Det utløyste ei rekke utbyggingar, for Sør-Aurdal sin del var det:
•1994: Flaskehals ved Buskerud grense i Sør-Aurdal 1 km: 5,5 millionar.
•1993: Buskerud grense-Molstad i Sør-Aurdal 4,8 km: 20 millionar.
•1994: Hougsrud bru-Dalengbekken i Sør-Aurdal 6,6 km: 21,5 millionar.
•1995: Midtmoen-Rustebakke bru i Sør-Aurdal 4,5 km: 11,5 millionar.
•1997: Rustebakke bru-Fønhus bru i Sør-Aurdal 8,1 km: 20,1 millionar.
•1998: Molstad-Hougsrud bru (Sørum) i Sør-Aurdal 2,7 km: 19 millionar.
•2001: Dalengbekken-Midtmoen i Sør-Aurdal 1,4 km: 9,5 millionar.

Etter dette har altså søraurdølene måtta vente i 13 år på neste ferdigstilling, Fønhus bru-Bagn på 10,1 km, som enda opp med ein prislapp på 507 millionar kroner medrekna moms.



Foto: Bjørn Karsrud



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter