B

                       Sør-Aurdalkoret


Publisert:  03.03.15 

Kortur til Praha; den gylne byen ved Vlatava

Gunvor Strandbråten

Reiseglade korvener frå Sør-Aurdalkoret og Vestre Slidre sanglag tok med seg noter og songglede til hovudstaden i Tsjekkia i midten av september.

Mange kjenner sikkert den sjarmerande og vakre gamlebyen med rådhuset, det astronomiske uret, Jan Hus-monumentet og dei vakre kyrkjene. Ei av desse er barokkyrkja St. Nicholas (som det faktisk finst to av i gamlebyen, attpåtil teikna av den same arkitekten!) Denne kyrkja var vårt musikalske mål, for der det var skipa til ein føremiddagskonsert for koret.

Kyrkja har eit vakkert , lyst interiør, og den høge takkvelvinga og høgda i tårnfoten gav lang etterklangstid og god vokal støtte, men passa nok best til musikk med roleg tempo.

Vi song både norske bruremarsjar, kyrkjemusikk  av norske komponistar som Sandvold, Nystedt og Caplin, men også meir rytmisk, jazzinspirert materiale. Mot slutten av konserten tok vi sjansen på å framføre temaet frå  largo-satsen i Antonin Dvoraks 9. symfoni, «Frå den nye verda». Arrangementet hadde engelsk tekst i negro spiritual-tradisjon, «Going home». Vi syntest vi måtte røpe for publikum at arrangementet var øvd inn same morgon, men kormedlemane vart så  begeistra for musikken at vi gjerne ville dele opplevinga med publikum.

Den tekstlege diksjonen kunne nok ha vore meir presis, men dette var tydeleg kjende og høgt elska toner for vårt tsjekkiske publikum, som takka med varm og langvarig applaus.

Etter konserten kom ein amerikansk turist inn til oss, takka for konserten, og spesielt for songen  «An Irish blessing». Han hadde irsk familie, og vart så rørt av stykket: “I was in tears through the whole piece, “ fortalde han. I dei ti dagane han hadde vore i Praha, var denne konserten høgdepunktet, meinte han. (Denne omtala er såpass utførleg, sidan det å få ”groupies”   er så sjeldan  for korsongarar!)

I løfta stemning spreidde songarane seg i middelalderbyen, til vi møttest til middag i ein restaurant på «Lillesida» i åsen under Praha-borga, der vi kunne nyte maten og den praktfulle utsikta medan kveldslyset fall over byen.

Dagen etter gjorde vi Praha til fots, saman med vår kunnskapsrike, norsktalande guide. Vi starta først i Praha-borga, det gamle kongssetet, som i dag m.a. er residens for den tsjekkiske presidenten. Borgområdet blir dominert av den svære St.Vitus-katedralen, der eit andektig kor tillet seg å framføre ”Venite filii” av Arild Sandvold i trengsla av turistar. Denne hymna passa godt i mellomalderkyrkja, og vart tydeleg sett pris på av tilhøyrarane.

Turen ned til sentrum var full av inntrykk, vakre hus, trivelege små butikkar og serveringsstader, og velsigna lite av dei einsformige, internasjonale kjedebutikkane.

Lunsjen sette vi til livs i den eldste puben i byen, U fleku, der både ølet og maten smakte. Gjennom ettermiddagen slentra songarane gjennom sentrum, kika på gatemarknader, høyrde levande musikk på gatene, slo seg ned på ein av dei talrike kafeane, ja nokre rokk faktisk å få med seg ein av dei talrike konsertane som stadig blir framført i byen.

Om kvelden var det båttur på elva, før koret steig i land på ein restaurant-lekter under Karlsbrua. Etter maten gjekk vi opp på brua og song eit knippe songar i kveldsmørkret til glede for dei talrike nattevandrarane. Å døme etter blitzregnet var dette midt i blinken!

På Karlsbrua er det eit bronserelieff der eit parti lyser blankt og skinande. Det blir sagt at du kan ønske deg noko godt for andre, medan du held på plata. Det skal også sikre deg å få kome attende til Praha. Å døme etter slitasjen er det mange som ønskjer å sjå byen att. Det gjeld også for songarane, som hadde ei lykkeleg reise, både sosialt og musikalsk.


St. Nicholas kyrkja


St. Nicholas kyrkja, interiør


Konsert 1


Konsert 5.


St. Vitus Katedralen sett fra Karlsbrua


U fleku, eldste kro i Praha





Foto: Gunvor Strandbråten



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter