B



Publisert:  12.10.16   Kirkeklokker

Liv Barbro Veimodet

«I uminnelege tider har kyrkjeklokkene ringt og kalla oss saman i glede og sorg, til kvardag og fest, i helg og sykne.  Klokkene har ringt sola opp, og sola ned, ringt når dei små har vorte bore til dåpen, og når graver har vorte grave, og den døde skulle i jorda. Kyrkjeklokkene har fulgt oss frå vogge til grav, og så og seia vore som pulsslaga i livet vårt.»

Henning Andersen vokste opp som «nesten næraste granne til kyrkja i Aurdal» Og sier om seg selv: « Eg kan vel seia at eg har fåt kyrkjeklokkene i Aurdal inn med morsmjølka.

Klangen frå kyrkjeklokker har alltid fasinert meg, og då kyrkja feira sitt 250-årsjubileum i 1987, hadde skulen fleire samarbeidsprosjekt med kyrkja. Og gjennom desse prosjekta vart også interessa for kyrkjebygget tent i meg. Året etter fekk eg vera med den gamle kyrkjetenaren Sigurd Petersborg når han gjorde i stand til gudstenester, og ringte med kyrkjeklokkene.

Då Sigurd gjekk av med pensjon i 1993, vart stillinga som kyrkjetenar lyst ledig, og eg søkte. Eg fekk jobben, og vart såleis 5. generasjon kyrkjetenar/ringar i familien. Tippoldefar min var kyrkjetenar i Aurdal frå 1866 - 1904. Far hans att skulle også etter muntlege kjelder ha vore ringar i Aurdal.  I 2004 byrja eg på den Skandinaviske klokkenistskole (Scandinavian Carillon School) i Løgumkloster i Danmark. Sidan då har eg ofte vorte nytta som føredragshaldar om kyrkjeklokker, og instruktør på ringekurs. Elles har eg òg vorte mykje nytta som freelance konsulent for Riksantikvaren og dei ulike bispekontora, i klokkesaker.»

Og nå har han laget en egen nettside om kirkeklokker! Du finner siden på www.kirkeklokker.no  Her finner du mye informasjon – om alt fra: klokkehistorie, om bruken av kirkeklokker, ringeskikker og der finnes en egen fane med informasjon om kirkeklokkene i Valdres og en egen for klokkene i Begnadalen.

Visste du forresten at vi i Valdres i dag har 74 kirkeklokker med smått og stort og at 23 av dem er middelalderklokker? Dette og mye mer kan du lese om på nettsiden www.kirkeklokker.no 






Nettsideansvar:  Reidar Schlytter