B


Publisert:  22.11.22  

Eg har pussa opp butikken og garden, og har også tre andre bedrifter å passe på

 
Siv Bjørnødegård Nybråten Foto: Arne Martin Bøe

Klipp fra avisa Valdres Av Arne Martin Bøe Publisert:
22. november 2020.

 

Siv Bjørnødegård Nybråten, Tollefsrud, fødd 1972

 

MØ I VALDRES

Fram til ungdomsalderen dreiv eg med turn, kunstløp, friidrett, symjing og fotball heime på Gjøvik, så det var full fart heile tida! Og som den yngste av tre sysken vart eg fort sjølvstendig: Eg byrja tidleg å trene born i symjing, og då eg var 14 år fekk eg jobb på bensinstasjon.

Eg likte å ha ungar og dyr rundt meg, og etter skulen gjekk eg innom ein dyrebutikk og fekk med meg mange dyr heimatt. Seinare i livet skulle eg få mykje med born og dyr å gjere, både privat og i arbeidslivet.

 Sidan foreldra mine kom frå Etnedal og Begnadalen/Sør-Etnedal, var vi så å seie alle helger og feriar i Valdres. Eg har heile tida følt meg heime i Valdres, så etter vidaregåande flytte eg fyrst til Etnedal og seinare til Aurdal og Åsebygda, før vi kjøpte garden her på Tollefsrud for vel to år sidan.

Vi har ein gard til, og har ammekyr, hestar, hundar, kattar og akvariefisk. Elles har eg fire born i alderen frå 16 til 25 år, eitt barnebarn på fire år, og har også hatt to fosterborn.

Tidlegare har eg mellom anna jobba på Etnedalsheimen, på DPS, i heimesjukepleia, på ei barneavlasting og i Bagn og Reinli barnehage. Og då eg budde i Åsebygda hadde eg sumarleir for born, og hadde mange slag dyr som både ungane og eg sette stor pris på! Her var fullt av ungar heile sumaren, og det var ei herleg tid!

For snart tre år sidan kjøpte eg Joker Finnøen. Eg har oppgradert og investert mykje i butikken, samstundes som eg har pussa opp heime på garden. Vi har også tre andre bedrifter å passe på, så det har vore mykje jobb ei stund, og eg må innrømme at eg er litt sliten iblant.

Det er difor viktig for meg å gjere noko som gjev meg energi, og det får eg når eg går ein tur, puslar på i hagen, er på hytta eller i Larvik om sumrane.

Dessutan er eg veldig glad i å vere ute og storkosar meg når eg får litt tid for meg sjølv, til dømes når eg er på jakt. Men det beste eg veit er å ta med ein termos med kakao eller te oppi åsen, der eg omgjeven av varmen og det flakkande lyset frå eit bål, kan la tankane fare fritt.



Nettsideansvar:  Reidar Schlytter